Dei psykisk utviklingshemma fortel
HVPU-reforma i 1990 la grunnlaget for ei avvikling av dei tidlegare sentralinstitusjonane for psykisk utviklingshemma. Prosjektet Uhørte stemmer og gløymde stader ønskjer å dokumentere historier fortalt av dei som budde i desse institusjonane.
- Forteljingane løfter fram stemmer som ikkje har blitt høyrd tidlegare, seier avdelingsdirektør Randi Ertesvåg i ABM-utvikling som har gitt 62 500 kroner til prosjektet. - I tillegg er dette eit prosjekt som vil gå inn som ein del av Digitalt fortalt, ABM-utviklings satsing i kulturminneåret 2009.
Norsk Teknisk Museum er ansvarleg for prosjektet og formidlinga av det vil skje gjennom nettstadene institusjon.no og digitaltfortalt.no. I tillegg vil ei vandreutstilling i første omgang vises på dei 5 musea som deltek i prosjektet: Emma Hjorth Museum, Trastad Samlinger/Sør Troms Museum, Trøndelag Folkemuseum –Sverresborg, Bergen Bymuseum og Nasjonalt medisinsk museum.
Forteljingane vil bidra til å løfte fram tidligare uhørte stemmer i lokalmiljøet, innanfor dei aktuelle regionane og på eit nasjonalt nivå. Stader som no er nedlagd, nedbygd eller omforma til anna formål, vil bli løfta fram. Heim og arbeidsplass for mange menneskje, vil få ei historie.
Fakta om tildelinga
I 2008 kom det inn 318 søknader om i overkant av 110 millionar kroner til ABM-utvikling. 79 institusjonar har fått tilsegn om til saman 22,3 millionar kroner. Søknadene fordeler seg på områda læring, kunnskaps- og kulturformidling, utvikling av digitale tenester, utvikling og sikring av samlingar og tilskot til nytenking innanfor organisasjons- og nettverksbygging.
Det er også gjeve tilsegn om 7,1 millionar kroner til sikringstiltak ved norske museum og 0,7 millionar kroner til videobøker på teiknspråk.
Pressekontakt
informasjonsdirektør Atle Faye
- telefon: 913 47 369 / 23 11 75 00
- e-post: atle.faye(a)abm-utvikling.no
avdelingsdirektør museumsutvikling Randi Ertesvåg
- telefon: 906 28 621 / 23 11 75 00
- e-post: randi.ertesvag(a)abm-utvikling.no