22.02.2010 Interkommunalt biblioteksamarbeid i Troms
Lenvik folkebibliotek får 600 000 kr frå ABM-utvikling til å prøve ut vertskommunesamarbeid i ytre Midt-Troms.
Biblioteka i Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik inngår i samarbeidet med Lenvik som vertskommune.
Målet er å samordne og styrke bibliotektenesta i fire kommunar gjennom vertskommunesamarbeid med ein felles biblioteksjef. Hovudbiblioteket blir i Lenvik, dei andre skal vere kombinasjonsbibliotek og utviklas til gode lærings- og kulturarenaer for befolkninga. I søknaden vert det lagt vekt på eit differensiert tenestetilbod, samordning av funksjonar, tilgjengelegheit og kompetanse.
Vertskommune
- Vertskommunemodellen for Lenvik kan bli ein god modell som mindre kommunar i heile landet kan dra nytte av, seier avdelingsdirektør Leikny Haga Indergaard i ABM-utvikling i ein kommentar. Dette er eit interessant, men også nødvendig samarbeid for små kommunar som slit med å skaffe fagutdanna bibliotekarar, seier Indergaard.
Lenvik folkebibliotek gjennomførte i 2008/2009 ei utgreiing om vertskommunesamarbeid. Dei fire kommunane har utarbeidd felles bibliotekplan og kommunestyret i Lenvik har nyleg vedtatt flytting av Lenvik folkebibliotek til den planlagte kunnskapsparken Finnsnes.
Les søknaden
Lenvik folkebibliotek: Vertskommunesamarbeid i ytre Midt-Troms
Fakta om tildelinga
I 2010 deler ABM-utvikling ut 32,6 millionar kroner til 114 søknader frå arkiv, bibliotek og museum. Midlane fordeler seg slik:
- 85 får tilsegn om 22 764 000 kr til utviklingsprosjekt for å utvikle møteplassar for kunnskaps- og kulturformidling samt partnarskap og samarbeid
- 4 får tilsegn om 716 000 kr til teiknspråkbøker for døve
- 25 får tilsegn om 9 120 000 kr til sikringstiltak ved norske museum
Det kom inn 274 søknader om til saman 102 millionar kroner.
Pressekontakt
informasjonsdirektør Atle Faye
- telefon 913 47 369 / 23 11 75 99
- e-post: atle.faye(a)abm-utvikling.no
avdelingsdirektør bibliotekutvikling Leikny Haga Indergaard
- telefon 951 00 785 / 23 11 75 00
- e-post: leikny.haga.indergaard(a)abm-utvikling.no
Oversikt over alle tildelingane finn du her (lenke)