Side-alternativer

Biblioteket som merkevare

ABM-utvikling gir fylkesbiblioteka i Aust-Agder og Østfold 830 00 kroner i utviklingsmidlar i 2009. Dei to skal bruke pengane til å utvikle metodar for omdømebygging og marknadsføring av bibliotek.

Biblioskopet – nye bilder av biblioteket” får 500 000 i tilskot. Aust-Agder fylkesbibliotek i samarbeid med Vest-Agder skal saman involvere folkebiblioteka og dei vidaregåande skulane i begge fylka samt universitetsbiblioteket i Agder. Prosjektet skal omforme publikums bilete og definisjon av omgrepet bibliotek og skape større kjennskap til biblioteket.

Bibliotek som varemerke – er det mulig” får 330 000 i tilskot. Østfold fylkesbibliotek saman med 10 folkebibliotek skal utvikle felles merkevareplattform og grafisk profil. 

- I dagens kunnskapssamfunn er det heilt nødvendig at biblioteka beherskar merkevarebygging og marknadsføring, seier avdelingsdirektør Tone Moseid. - ABM-utvikling vil aktivt bruke kunnskapen frå desse to utviklingsprosjekta og formidle resultata til andre bibliotek.

Fakta om tildelinga

I 2008 kom det inn 318 søknader om i overkant av 110 millionar kroner til ABM-utvikling. 79 institusjonar har fått tilsegn om til saman 22,3 millionar kroner. Søknadene fordeler seg på områda læring, kunnskaps- og kulturformidling, utvikling av digitale tenester, utvikling og sikring av samlingar og tilskot til nytenking innanfor organisasjons- og nettverksbygging.

Det er også gjeve tilsegn om 7,1 millionar kroner til sikringstiltak ved norske museum og 0,7 millionar kroner til videobøker på teiknspråk.

Pressekontakt

informasjonsdirektør Atle Faye
- telefon: 913 47 369 / 23 11 75 00
- e-post: atle.faye(a)abm-utvikling.no

avdelingsdirektør bibliotekutvikling Tone Moseid
- telefon: 911 58 715 / 23 11 75 00
- e-post: tone.moseid(a)abm-utvikling.no

 

Relatert innhold