Side-alternativer

30 millionar frå ABM-utvikling

Direktør Leikny Haga Indergaard i ABM-utvikling deler denne veka ut 30 millionar kroner i utviklingsmidlar til arkiv, bibliotek og museum. Digitale tenester med utvikling av abm-søk på tvers av institusjonsgrensene er den store vinnaren.

- I år gjer vi ei storsatsing på å setje arkiv, bibliotek og museum i stand til å utvikle gode verktøy slik at brukaren skal kunne søkje etter kunnskapskjeldene på tvers av institusjonar. Vi held også kontakt med det viktige felles digitaliseringsprosjektet i Europa, Europeana, seier Indergaard.

- I lag med resten av ABM-Noreg ventar vi i spaning på at regjeringa denne våren skal legge fram tre stortingsmeldingar om norsk bibliotekpolitikk, digitalisering og evaluering av museumsreformen, seier Indergaard. Dette vil gje oss viktige styringsinstrument for framtida.

Digitalt fortalt

18 lokale prosjekt får 2,2 millionar kr for å utvikle spesielle historier og temaer i Kulturminneåret 2009. Digitalt fortalt er eit nytt verktøy der publikum kan legge inn digitale fortellingar knytt til kulturminne. Nettstaden www.digitaltfortalt.no skal bli ein formidlingsarena for historier om kulturminne. Det blir kurs i alle fylka og kulturarbeidarar over heile landet blir inviterte til å vere med i utviklinga.  

Gjennomsiktig journal

Søknader og resultatet av tildelinga er lagt ut til offentleg gjennomsyn på www.abm-utvikling.no

Fakta om tildelinga

I 2008 kom det inn 318 søknader om i overkant av 110 millionar kroner til ABM-utvikling. 79 institusjonar har fått tilsegn om til saman 22,3 millionar kroner. Søknadene fordeler seg på områda læring, kunnskaps- og kulturformidling, utvikling av digitale tenester, utvikling og sikring av samlingar og tilskot til nytenking innanfor organisasjons- og nettverksbygging.

Det er også gjeve tilsegn om 7,1 millionar kroner til sikringstiltak ved norske museum og 0,7 millionar kroner til videobøker på teiknspråk.

Pressekommentar

direktør Leikny Haga Indergaard
telefon: 951 00 785 / 23 11 75 00
e-post: leikny.haga.indergaard(a)abm-utvikling.no

informasjonsdirektør Atle Faye
telefon: 913 47 369 / 23 11 75 00
e-post: atle.faye(a)abm-utvikling.no