Mobile og sosiale teknologiar i ABM-sektorane
Bakgrunn
Leiargruppa i ABM-utvikling slutta seg i møte 28.5.2008 til førebels notat om korleis arbeidet med digitalt ABM skal styrkast. Notatet peika på ein del område som krev auka innsats. Mellom desse er auka fokus på dei muligheitene som ligg i bruk av mobile og sosiale teknologiar i ABM-sektoren.
ABM-utvikling ynskjer å setja ned ei arbeidsgruppe med representantar frå ABM-utvikling og sektorane/institusjonane. Det er naturleg å sjå desse to teknologiane i samanheng.
Arbeidsgruppa skal mellom anna kartleggja status og koma med framlegg til hovudliner i ein strategi for arbeidet med desse områda fram mot 2014.
Dei fleste mobiltelefonar i dag fungerer som små datamaskinar. Fleire og fleire tenester vert utvikla slik at dei kan fungera på mobile mottakarar. Mobile mottakarar spelar og ei viktig rolle i produksjon av innhald. Alt dette må ABM-sektoren tilpassa seg. Her ligg eit stort potensial.
ABM-institusjonane bør ha god kompetanse på korleis sosiale teknologiar/web 2.0 kan nyttast saman med tradisjonelle digitale tenester. Sosiale teknologiar og nettsamfunn bør spela ei viktig rolle i dialogen mellom ABM-institusjonane og brukarane. Ein må og leggja til rette for utvida brukarmedverknad og brukarprodusert innhald som supplement til institusjonane sitt eige innhald og eigne tenester.
Biblioteksektoren er komen lengst i å ta i bruk nye teknologiar for meir direkte, tovegs dialog med brukarane. Her er det gjennomført kurs som har hatt god oppslutnad. Deltakarane har vorte oppglødde når dei ser muligheitene. Ennå er disse teknologiane lite nytta av arkiv og museum. På same tid ser me at brukarane legg fotosamlingar ut på Flickr i staden for at desse vert gjort tilgjengelege i samarbeid med ABM-institusjonar. Dette må me helsa velkome, men her ligg og utfordringar for ABM-sektoren. Sektoren er komen på etterskot i ei utvikling som skyt fart. På same tid representerer dei nye teknologiane store muligheiter for institusjonane til å etablera tettare brukardialog. I ein del andre land er det gjennomført spanande prosjekt på området.
ABM-utvikling ynskjer i nært samarbeid med institusjonar og fagmiljø å etablera kurstilbod på feltet. Ein må og etablera fora der tilsette i ABM-sektoren i samarbeid med andre kan tenkja kreativt og eksperimentera med løysingar og tenester.
Arbeidet i gruppa
Me ynskjer å leggja arbeidet opp i fasar. Innan 1. desember skal gruppa legga fram ein rapport for digitalt team og for leiargruppa i ABM-utvikling. Dette kallar me fase 1 og mandatet gjeld for denne fasen. På grunnlag av arbeidsgruppa sin rapport, vil ein så utforma meir detaljert det vidare arbeidet.
Leiar kallar inn og driv arbeidet framover. Det skal lagast sakliste og referat til møta/samlingane. ABM-utvikling dekker utgifter til reise og anna som er naudsynt for arbeidet. Arbeidsgruppa rapporterer til avdelingsdirektør for digitalt ABM.
Gruppa skal levera sin rapport innan 1. desember 2008.
Gruppa sitt mandat
- Gje råd om korleis sosiale og mobile teknologiar kan vera med og styrka dialogen og debatten om digitale utfordringar i ABM-sektoren. Dette bør og omfatta gruppa sitt arbeid undervegs og gruppa sine tilrådingar.
- Gje kort status for ABM-sektoren når det gjeld bruk av mobile og sosiale teknologiar.
- Gje råd om korleis arbeidet på desse områda best kan leggjast opp vidare fram mot 2014.
- Peika på konkrete tiltak som bør prioriterast frå 2009 til 2014.
- Vurdera korleis ein best kan auka interessa og kompetansen på dette feltet i fagmiljøa og i institusjonane.
Merknader til mandatet
Det er naturleg at gruppa vurderer korleis slik teknologi kan nyttast aktivt i gruppa sitt arbeid. Det er viktig å engasjera flest mogeleg og i denne fasen. Om dette krev midlar, vil me vurdera det.
Me vil at gruppa tenkjer kreativt om korleis ABM-utvikling kan nytta slik teknologi til å skapa auka merksemd, debatt, idémyldring og meiningsutveksling kring arbeidet med digitale satsingar og digitale strategiar i ABM-sektoren.
Gruppa skal koma med innspel på korleis ABM-utvikling i tett samarbeidet med institusjonane og fagmiljøa på beste vis kan leggja opp arbeidet fram mot 2014. Me vil at gruppa kjem med framlegg til konkrete tiltak/prosjekt slik at arbeidet snøgt kan føra til konkrete resultat. Dette vil danna eit viktig grunnlag for fase 2.
Deltakarar
- Anders Olsson, ABM-utvikling, leiar
- Lars Wenaas, ABM-utvikling, sekretær
- Petter Pedryc, IKA Kongsberg
- Hege Hauge Tofte, Østfoldmuseet
- Jannicke Røgler, Buskerud Fylkesbibliotek
- Øystein Åsnes, ABM Sogn og Fjordane og Kulturnett Sogn og Fjordane
- Hildegunn Bjørgen, ABM-utvikling
Har du synspunkter, innspill eller spørsmål til gruppens arbeid: bruk vårt skjema for digitale ideer og send dem inn!