Document Actions

Strategi og planer

ABM-utvikling - strategisk plan 2007 - 2010

I møte 30. mai 2006 vedtok styret strategisk plan for 2007 - 2010. Fire hovudområde skulle prioriterast, mellom dei utvikling av digitalt innhald og tenester. Les meir 

Kulturarven til alle

ABM-skrift #32,  Kulturarven til alle – om digitalisering, digital bevaring og digital formidling i abm-sektoren, kom i 2006. Rapporten er delt i to. Det vart gjennomført ei omfattande kartlegging av status i institusjonane med omsyn til digital katalogar, standardar og digitalt innhald. Rapporten peika på ei lang rekkje tiltak som må gjennomførast for at ABM-institusjonane skal ta i bruk dei muligheitene som ligg i ny teknologi. Les meir 

Digitalt ABM 2014

ABM-utvikling arbeider med ny strategiplan for digitalt ABM fram mot 2014. Mange land ligg langt føre Noreg på fleire viktige område. Eit omfattande løft må til. Gode tenester på nettet fører til at fleire brukar ABM-institusjonane. Målet til ABM-utvikling dei neste åra er at brukarane skal oppleva sterk auke i digitalt innhald og digitale tenester frå ABM-sektoren. Etter kvart bør og alle institusjonane knytast opp mot ei felles søke- og presentasjonsteneste. Eit samla ABM-søk er til beste for brukarane.  Ei slik teneste må vera open, brukarvenleg, fleksibel og syast etter brukarane sine behov.  Les meir

Arbeidsgrupper

For å styrka arbeidet med digitalt ABM vil fleire faggrupper vera i arbeid framover. Gruppene skal gje råd i faglege aller strategiske spørsmål. Her vil me trekka inn erfaring og kompetanse frå institusjonar og fagmiljø. Ei viktig side ved arbeidet i gruppene er og å få i gang sterkare faglege diskusjonar kring desse spørsmåla.  Les meir