Side-alternativer

11.02.2010 Det første kurset i sosiale medier

23 deltakarar frå Hordaland var med på det første kurset i sosiale medier for abm-institusjonane.

Det første kurset i sosiale medier

Kurs i sosiale media i fylkeshuset 2. februar 2010

Fylkesarkivet og fylkesbiblioteket arrangerte i forrige veke kurs for museum, bibliotek og arkiv. Hordaland er plukka ut som eitt av ni fylke som får støtte frå ABM-utvikling til kursing i sosiale media, som til dømes bildedeling, blogging, RSS-feed (straum av nyhende), Facebook og YouTube.

Få alltid med deg siste nytt fra ABM-utvikling

Deltakararane skal følgje eit e-læringskurs med tre samlingar dei neste 7 vekene. Her skal dei lære meir om korleis abm-institusjonar kan nå sine målgrupper på ein annan, kanskje betre – men i alle fall nyttig - måte. Kanskje kan institusjonane presentere sine skattar på nye måter og legge til rette for nye brukarar gjennom bruk av sosiale media?

Les mer om kurset i Hordaland her:

Det er oppretta ein kursblogg frå ABM-utvikling der du kan lese meir om kursa

Desse fylka har fått penger frå ABM-utvikling til å halde kurs: Finnmark, Buskerud, Hordaland, Sør-Trøndelag, Telemark, Møre og Romsdal, Oppland, Sogn og Fjordane og Rogaland.