Document Actions

Handlingsplanar for digitalt ABM i fylka

Styret i ABM-utvikling gjorde i juni 2007 vedtaket:

Styret ønsker sterkere initiativ for å satse på regional ABM-utvikling og ber om at det nedsettes en arbeidsgruppe for å utvikle et program for regionalt ABM-samarbeid om IKT og infrastruktur. Det reserveres 1 mill. kr. på budsjettet for 2008 til en slik satsing.

I april 2008 lyste ABM-utvikling ut desse midlane og føremålet var å få i gang planarbeid i to-tre fylke. Arbeidet skal ha overføringsverdi til andre fylke, og inkludera alle viktige aktørar i fylka som ABM-institusjonane, regionale kulturnett, fylkeskommunen, kommunane, viktige brukargrupper som skule og næringsliv med meir. Ti fylke søkte. ABM-utvikling hadde samtalar med alle som søkte, og inngjekk til slutt avtale med Vestfold, Møre og Romsdal og Nordland. 

Vestfold

Kontaktperson: Ellen Høstmark Bustø, Vestfold fylkesbibliotek.

Les søknad frå Vestfold

Møre og Romsdal

Kontaktpersonar: Jan Aakvik, Kulturnett Møre og Romsdal og Ellen Molvær, Møre og Romsdal fylkesbibliotek.

Les søknad frå Møre og Romsdal 

Nordland

Kontaktperson: Inge Strand, Arkiv i Nordland.  

Les søknad frå Nordland