Document Actions

Digitalstatistikk

Statistikk for 2007 - Arkiv, bibliotek og museum

ABM-utvikling har utvikla ei løysing for innhenting av statistikk frå heile abm-sektoren. I 2007 vart og arkivinstitusjonar med. Førebels er det berre ei pilotundersøking der det er henta inn statistikk frå 33 arkivinstitusjonar. Siktemålet er sjølvsagt å få inn data frå alle institusjonar som tek i mot arkiv, også bibliotek og museum.

Totalt får ABM-utvikling inn utfylte skjema frå nærare 4200 institusjonar. Desse har rapportert for om lag 4700 einingar eller sørvisstadar. Statistikken frå 2007 blei samla inn våren 2008. Nokre få institusjonar har levert statistikk via e-post og papir, elles er alle data samla inn ved hjelp av web-skjema. Les meir om vårt statistikkarbeid her.

Digitalstatistikk

Me arbeider med forbetringar for å fanga opp det som skjer når det gjeld digitalisering i ABM-institusjonane. Det er viktig å få oversyn over digitalt innhald, digitale tenester, bruken av desse og kva ressursar som vert nytta til å utvikla dette.

Dette er ei viktig oppgåve i mange land. Prosjektet  Numeric arbeider med ein standard eller rammeverk for dette i EU og i EØS. Dei har no klar eit framlegg til kartlegging i institusjonar. Desse kan du lasta ned og vurdera for eigen institusjon. Det som heiter Generic Survey vil vera mest relevant for dei fleste institusjonar. Skjemaet vert no omsett og prøvd ut i EU-landa. Her er det og nyttige definisjonar av sentrale omgrep. Last ned skjemaet her.