Digitaliseringsplanar
Digitalisering er krevjande. Det er viktig å tenkja gjennom arbeidet før ein set i gang. Å overføra data frå analog til digital form er berre ein liten del. Alle ABM-institusjonane og alle fylka må laga seg gode og funksjonelle planar for digitalisering og digital formidling. Ein del ser framover mot 2014 og finn soleis fem-seks år som høveleg tidshorisont for slike planar. Her er nokre punkt i slike planar.
- Mål for arbeidet: Kva ønskjer ein å oppnå når det gjeld tenester og tilbod i det tidsrommet planen gjeld?
- Kva finst av digitale katalogar og digitalt innhald?
- Kva finst av digital infrastruktur, som nettverk, breiband, maskinvare, databasar, lagringsløysingar, samarbeid m.m.?
- Kva finst av relevant kompetanse?
- Korleis byggja opp eller rekruttera eventuell manglande kompetanse?
- Produksjon av digitale data: Planar inkl. prioritering, effektivitet, økonomi etc.
- Distribusjon av digitalt innhald: Korleis få det digitale innhaldet ut til brukarane?
- Formidling: Korleis kan materialet best formidlast; saman med anna kulturstoff, kulturminne, som del av eit samla tilbod med artiklar, utstillingar, undervisningsopplegg med meir?
- Samarbeid: Abm-samarbeid, samarbeid med utdanningssektor, reiseliv, næringsliv, samarbeid/dialog med brukargrupper med meir.
- Ressursar og andre forutsetnader.