Document Actions

Digitalisering

Digitalisering, planar, utval, standardar

Planar for institusjonar og fylke

Alle institusjonar og alle fylke må ha ein samla plan for korleis ein best kan auka innsatsen når det gjeld digitalisering og digitale tenester frå ABM-institusjonane og kultursektoren. Ein føresetnad for eit godt resultat er å tenkja gjennom arbeidet, sjå det i ein vidare samanheng, tenkja samarbeid og laga ein plan for dei næraste åra. Her er nokre punkt ein bør tenkja gjennom. Les meir  

Utval av materiale

ABM-institusjonane har store samlingar og utval og prioritering er viktig. Det vil ta tid å digitalisera alt. Dei vala ein gjer her må samsvara godt med institusjonane sine overordna mål. ABM-utvikling har laga framlegg til allmenne kriteriar som me vonar kan hjelpa i slike vurderingar. Les meir

Standardar

Arbeidet det digitale ABM-tenester er omfattande. Dokumenterte standardar når det gjeld tekniske løysingar, metadata, format med meir er avgjerande for at ulike system skal kunne snakka saman og utveksla data. I svært mange land vert det arbeidd med dette. Ein ser og nytten av å etablera felles standardar over landegrensene. Dette vil nok etter kvart påverka faglege arbeidsmåtar i arkiv, bibliotek og museum. Les meir