19.10.2010 Lærer digital formidling
I haust starta ei ny etterutdanning opp på Høgskulen i Sogn og Fjordane. Målet er at studentane skal bli flinkare på entreprenørskap og digital formidling.
Studiet er eit samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune. I løpet av studiet skal studentane mellom anna lære seg å bruke digital historieforteljing og å tenkje entreprenørskap i samband med formidling av lokal kulturarv.
Ulik bakgrunn
Deltakarane på kurset har ulik bakgrunn, frå historikarar og historieinteresserte til lærarar, kulturarbeidarar og musikarar. Gjennom fire samlingar skal dei produsere digitale forteljingar frå lokalhistorie, lokal kultur eller lokalt miljø, som så skal publiserast på GeoAtlas.
At entreprenørskap er meir enn etablering av eige verksemd er eit sentralt poeng i studiet, og i dei ferdige studentarbeida vil ein derfor sannsynlegvis sjå omtrent like mange døme på entreprenørskap som det er studentar ved kurset.
Meir informasjon om studiet finn du her: