21.06.2011 Dialog og debatt på Kulturnett
Kulturlivet i Sogn og Fjordane har fått eit forum for dialog og debatt. Fylkesdirektøren er først ut i Kulturbloggen.
Den nye nettstaden blei lansert tirsdag 21. juni. Gå til Kulturnett Sogn og Fjordane her.
- Kulturlivet i fylket treng eit forum for dialog og debatt. Vi har invitert leiarar i viktige kulturinstitusjonar i fylket til å blogge hos oss om ulike tema innan kultur. Ingebjørg Erikstad, fylkesdirektør for kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune, er først ut. Etter ho vil leiarar innan kulturlivet publisere bloggpostar om lag to gongar i månaden, seier Øystein Åsnes i Kulturnett Sogn og Fjordane.
Kulturarv
Eit av hovudmåla for kulturnettet er å synleggjere og formidle kulturarven og kulturlivet i Sogn og Fjordane og knyte saman informasjon frå ulike kjelder til ein heilskap. Opplysningar om personar, stader og hendingar er spreidde på ei stor mengde institusjonar og kjelder rundt om i heile landet (og i utlandet). I tillegg til ein splitter ny kulturblogg, byr det nye kulturnettet difor også på eit nytt søk i kulturarvsinformasjon.
- Kultursøket er eit steg på vegen for å samle denne informasjonen og presentere den på ein brukarvenleg måte, seier Åsnes.
Over 50 små og store institusjonar frå heile landet leverer innhald til denne nye tenesta. Søket er utvikla i samarbeid med Norsk kulturråd og firmaet Delving B. V. i Nederland. Sogn og Fjordane er det første fylket som tek i bruk den nye tenesta. Kultursøket gir deg samtidig oversikt over treff i andre sentrale oppslagsverk som Wikipedia, Lokalhistoriewiki og NRK sitt Fylkesleksikon.