Tenester frå ABM-utvikling
ABM-søk, pilotprosjekt
Dette prosjektet starta opp i 2007. Prosjektet er noko forseinka, men me reknar med at pilottenesta er på plass i oktober. ABM-utvikling ynskjer å nytta denne piloten til fagleg utviklingsarbeid og kompetansebygging i spørsmål som har med formidling i eit ABM-perspektiv å gjera. Hausten 2008 vil me invitera ulike fagmiljø til arbeidssamlingar (workhops) der erfaringane frå ABM-søk, piloten, vil vera sentrale. I piloten vert det utvikla ABM-søk i ulike datakjelder som Nasjonalbiblioteket, Digitalarkivet, Riksarkivet, Deichmanske Bibliotek, PrimusWeb, eit utval relevante nettstader, og i eit breitt utval av ABM-tenester frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Ein del av løysinga er basert på at ein haustar inn data i søkemotor frå Intellisearch. Ein anna del av tenesta køyrer søk mot andre basar.
Europena Local
I prosjektet Europeana Local vil og data verta hausta inn og kopla mot sentral teneste for søk og presentasjon. Erfaringane frå dette prosjektet vil saman med ABM-søk, piloten, danna godt grunnlag for vidare utvikling av eit samla og moderne ABM-søk i Noreg.
Utval av tenester frå ABM-utvikling
Under ser du eit utval av tenester som ABM-utvikling har teknisk og fagleg hovudansvar for.
Du kan registrere deg som brukar av Kulturnett-tenestene her:
- Institusjonar
- Kunstnarar
- Kulturkalender
- Temaguide
- Kultursøk
- Nettutstillingar
- Kunstverk
- Artiklar
- Postlister for arkiv, bibliotek, museum, kunst med meir
- Digitalt Fortalt