Side-alternativer

Mandat

Fastsett av Kultur- og kyrkjedepartementet i samråd med Utdannings- og forskingsdepartementet 16. juni 2004.

I St.meld. nr. 48 (2002–2003) Kulturpolitikk fram mot 2014 er det lagt til grunn at det skal gjennomførast eit utgreiingsarbeid om sentrale problemstillingar på bibliotekområdet, og at dette skal skje med ABM-utvikling som hovudaktør og koordinerande instans. Mandatet er utforma i samsvar med dei premissane som er lagde til grunn i meldinga og i andre relevante grunnlagsdokument.

 

I. Innretning og organisering av utgreiingsarbeidet

  1. Utgreiingsarbeidet skal organiserast og gjennomførast mest mogleg fleksibelt, slik at ulike delspørsmål kan løysast under vegs. Det må følgjeleg leggjast vekt på tett og god koordinering mellom utgreiingsarbeidet og det strategiske utviklingsarbeidet som er ei vedtektsfesta hovudoppgåva for ABM-utvikling, jf. m.a. prosjektet eit norsk digitalt bibliotek. Også meir praktiske og forvaltningsretta oppgåver, m.a. ulike typar av prioriteringar, bør så langt råd er sjåast i samanheng med utgreiingsarbeidet, men ikkje slik at uavklarte spørsmål blir ståande i vegen for gjennomføring av praktiske tiltak som elles framstår som formålstenlege.
  2. Eit hovudformål med utgreiingsarbeidet er å utforma eit overordna strategidokument som skisserer ein plan for heilskapleg utvikling av ein samla biblioteksektor og for samarbeid med arkiv- og museumssektoren der dette kan vera formålstenleg. Strategiplanen bør ha ei todelt innretning, ein hovuddel som trekkjer opp prinsipielle mål og visjonar, og ein annan hovuddel som drøftar nødvendige modifikasjonar og skisserer realistiske gjennomføringsstrategiar i eit meir kortsiktig perspektiv. Strategidokumentet bør liggja føre innan 1. mai 2006.
  3. Dernest er det behov for å greia ut meir i detalj større og mindre spørsmål som blir nemnde under del II i dette mandatet, eller som blir nærmare identifiserte gjennom arbeidet med strategiplanen. Dette kan munna ut i eigne utgreiingsdokument som anten blir avslutta tidlegare eller parallelt med strategidokumentet, eller etter at hovuddokumentet ligg føre. Avgrensa utgreiingsoppgåver kan eventuelt gjennomførast heilt eller delvis av eksterne aktørar, men ABM-utvikling må også herha det overordna koordineringsansvaret.
  4. Det skal takast omsyn til dei premissane som er lagde til grunn i abm-meldinga, kulturmeldinga og andre relevante grunnlagsdokument, jf. også Innst. S. nr. 155 (2003-2004), og det bør trekkjast vekslar på tidlegare utgreiingar og relevante utviklingstrekk i andre land der dette framstår som tenleg. Det må leggjast vekt på å finna løysingar for heile biblioteksektoren som inneber ei optimal utnytting av dei ulike funksjonar ABM-utvikling og Nasjonalbiblioteket kan fylla. Dette krev nær kontakt mellom dei to institusjonane.
  5. Ei referansegruppe oppnemnd av Kultur- og kyrkjedepartementet i samråd med Utdannings- og forskingsdepartementet skal sikra medverknad frå relevante fagmiljø og god samfunnsmessig forankring. ABM-utvikling vurderer i samråd med referansegruppa korleis dei enkelte utgreiingsoppgåvene skal avgrensast og definerast, og er i så måte ikkje bunden til å følgja den punktvise inndelinga under del II nedanfor. Ein bør prioritera utgreiing av delspørsmål der det er særleg behov for å leggja til rette for snarleg gjennomføring av nye tiltak eller forvaltningsendringar.
  6. Som utgangspunkt må hovudtrekka i gjeldande ansvarsfordeling mellom forvaltningsnivå leggjast til grunn. For alle forslag som blir fremja, skal det gjerast greie for økonomiske og administrative konsekvensar, og det skal på vanleg måte visast til moglege alternative forslag tufta på uendra ressursbruk. Vi viser elles til den opptrappingsplanen som Stortinget slutta seg til ved behandling av abm-meldinga, og som er stadfesta gjennom behandling av kulturmeldinga våren 2004.

 

II. Nærmare om innhaldet i utgreiingsarbeidet

  1. Eit overordna siktemål er å identifisera og konkretisera dei framtidige utfordringane for biblioteksektoren tufta på ei grunnleggjande drøfting av kva rolle biblioteket skal spela i informasjons- og kunnskapssamfunnet., m.a. kva det vil ha å seia for biblioteket at stadig meir informasjonssøking ser ut til å skje over Internett. Utgreiinga skal vurdera både dei funksjonar biblioteket kan fylla som kulturinstitusjon i vid forstand og meir spesielt innanfor kunnskaps og informasjonsforvaltning. Eit delspørsmål vil vera å vurdera kva rolle biblioteket kan spela som møteplass for barn og unge, særleg for utsette barne- og ungdomsgrupper som til dømes innvandrarjenter.
  2. Utgangspunktet skal vera visjonen om eit saumlaust bibliotektilbod, m.a. slik dette kan tenkjast konkretisert gjennom utviklinga av eit digitalt bibliotek. Innhaldet av desse omgrepa må nærmare drøftast, og det må gjerast greie for kor langt det er prinsipielt ønskjeleg og praktisk mogleg å gå i å realisera visjonen om eit saumlaust bibliotektilbod på kort og lang sikt. Det bør her leggjast vekt på å identifisera ulike typar av hinder som står i vegen for ei utvikling i retning av eit slikt bibliotektilbod, og å skissera i kva grad og på kva måte ein realistisk kan overkoma slike hindringar.
  3. Det skal gjerast ein samla analyse av heile det norske biblioteklandskapet i eit funksjonelt og samfunnsmessig perspektiv. Det skal leggjast særleg vekt på å gjennomgå og gjera ei samla vurdering av ulike typar av politisk-administrative verkemiddel på biblioteksektoren, både organisatoriske, informative, økonomiske og legale, og kva rolle ulike verkemiddel kan spela i eit strategisk utviklingsperspektiv. Det må også drøftast korleis ein kan leggja til rette for framtidig kompetanse- og teknologiutvikling, m.a. korleis ein kan få til ei betre samordning av dei mange nettbaserte ressursane i biblioteksektoren, m.a. dei bibliografiske databasane. Alle verkemiddel må vurderast kritisk i lys av dei funksjonar dei etter føresetnaden skal fylla, og ikkje som mål i seg sjølve. Alternativ til etablerte ordningar bør derfor drøftast. Det bør også gjerast ein analyse av dei norske biblioteka sin plass i internasjonalt biblioteksamarbeid.
  4. Spørsmålet om ei nyordning av lovgjevinga på bibliotekområdet, til dømes om det bør gjennomførast ein meir gjennomgripande revisjon av lov om folkebibliotek, og om det kan vera formålstenleg å utvida lovgjevinga til å femna om ein større del av biblioteksektoren, må sjåast i lys av anna lovgjeving og dei overordna utgreiingsoppgåvene som er skisserte ovanfor. I denne samanheng skal ein òg vurdera lovendringsspørsmål som tidlegare er utsette i påvente av eit større utgreiingsarbeid, jf. omtalen i Ot.prp. nr. 82 (2002-2003), jf. Innst. O. nr. 125 (2002-2003). Det bør først gjerast ei kritisk evaluering av korleis eksisterande lovgjeving har fungert. Det må elles gjerast greie for opphavsrettslege problemstillingar når det gjeld tilgang til digitale innhaldsressursar.
  5. Det skal greiast ut korleis ein kan utvikla og modernisera det landsdekkjande nettverket av folkebibliotek slik at det kan gje eit differensiert og tidstilpassa tilbod til ulike brukargrupper. Her må det inngå ei nærmare vurdering av mobil bibliotekteneste. Det må vurderast korleis folkebiblioteket kan utviklast som formidlingsarena og møtestad i eit utvida kultur- og utdanningsperspektiv, i eit abm-perspektiv og som instrument for å fremje lokaldemokratiet. Ein skal òg sjå på kva rolle biblioteket kan spela i eit lokalt, nasjonalt og globalt perspektiv for å utvikla større gjensidig kunnskap og forståing mellom ulike grupper i eit stadig meir fleirkulturelt samfunn.
  6. Det skal greiast ut korleis fag- og forskingsbiblioteka i samhandling med eigarinstitusjonane sine kan vidareutvikla dei primærfunksjonane dei har som tenestytarar for eigne brukargrupper, til dømes ved problembasert læring, e-læringsprogram og liknande. Dernest skal det greiast ut korleis fag- og forskingsbiblioteka som samfunnsinstitusjonar kan bidra med informasjonsressursar i eit saumlaust bibliotektilbod.
  7. Det skal kartleggjast korleis fag- og forskingsbiblioteka samhandlar seg imellom og med folkebiblioteksektoren, med utgangspunkt i den faktiske fjernlånstrafikken og med sikte på oppbygging av tilgjengelege nett-tenester. Økonomiske utviklingstrekk i internasjonal fjernlånstrafikk skal vurderast. Det skal undersøkjast nærmare i kva grad studentar ved universitet og høgskolar nyttar folkebiblioteka i studiearbeidet sitt. Det saumlause biblioteket må konkretiserast i ei utreiing om bibliotek som læringsarena i eit samarbeid mellom folkebibliotek, skolebibliotek og bibliotek i høgare utdanningsinstitusjonar.
  8. Det skal gjerast ei samla kartlegging av behovet for ein del spesielle bibliotektenester som staten i dag har heilt eller delvis ansvaret for, m.a. for å vurdera om noverande ansvarsdeling og organisering av tenestene samla sett er optimalt rasjonelle og brukartilpassa.. Dette gjeld både spesialbibliotek og bibliotektenester tilpassa spesielle brukarar, m.a. for pasientar i helseinstitusjonar, innsette i fengsel, døve og døvblinde.