Side-alternativer

30.06.2010 Bibliotekoppgåvene blir overført 1. juli

Kulturdepartementet overfører oppgåver og ressursar i ABM-utvikling til Nasjonalbiblioteket, Norsk Vitenskapsindeks og Norsk kulturråd.

Omorganiseringa er varsla i St. meld 20 (2009-10) Omorganisering av ABM-utvikling.

Gjennom omstillinga ønskjer regjeringa å etablere sterkare fagmiljø og styrkje forvaltning og rådgjeving på arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet. Målet er å leggje til rette for godt samarbeid og ei arbeidsdeling som kan gje gode løysingar for framtida. 

Bibliotek

1. juli 2010 vert statlege bibliotekoppgåver i ABM-utvikling overført til Nasjonalbiblioteket. Medarbeidarar i ABM-utvikling som har dette som arbeidsområde vil frå same dato vere tilsett i Nasjonalbiblioteket

Konsortie 

1. januar 2011 blir oppgåvene knytt til konsortieavtalar mot universitets- og høgskolesektoren i ABM-utvikling overført til den planlagte publikasjonsdatabasen for universitets- og høgskolesektoren, instituttsektoren og dei regionale helseføretaka. Databasen skal kallas Norsk vitenskapsindeks (NVI) og skal inngå i eit større nasjonalt system for forskingsinformasjon (CRISTIN). 

Få alltid med deg siste nytt fra ABM-utvikling

Medarbeidarar i ABM-utvikling som har dette som arbeidsområde vil frå same dato vere tilsett i Norsk vitenskapsindeks. 

Arkiv og museum til Norsk kulturråd 

1. januar 2011 blir ABM-utvikling og Norsk kulturråd slått saman. ABM-utvikling opphøyrer som eiga verksemd og frå same dato vil alle i ABM-utvikling vere tilsett i Norsk kulturråd

Arbeidsoppgåvene innan arkiv, museum og digitalt abm vert vidareført i Norsk kulturråd. 

Kulturdepartementet førebur parallelt eit arbeid med å utforme eit nytt regelverk for Norsk kulturråd.

Ny kontaktinfo

Namn (e-post)                Telefon    
Leikny.Indergaard@nb.no : 2327 6250      
Tone.Moseid@nb.no : 2327 6251   
Siri.Tidemann-Andersen@nb.no
: 2327 6254     
Grete.Bergh@nb.no
: 2327 6255     
Torill.Redse@nb.no
: 2327 6256   
Oddrun.Ohren@nb.no
: 2327 6257     
Arne.Gundersen@nb.no
: 2327 6258       
Hilde.Ljodal@nb.no
: 2327 6259      
Erlend.Ra@nb.no
: 2327 6260     
Tertit.Knudsen@nb.no
: 2327 6261     
Eva.Rogneflaten@nb.no
: 2327 6262    
Sidsel.Hindal@nb.no
: 2327 6264   
Jorn.Dahl@nb.no
: 2327 6265 

(Saka vart første gong publisert 25. juni)