Statistikk for arkiv
Formålet med statistikken er å gi et representativt bilde av ressurser og aktiviteter i arkivinstitusjonene, samt av arkivsamlingene i bibliotek og museum.
Arkivstatistikk 2009
Arkivstatistikken for 2009 omfattar for fyrste gong alle arkivbevarande institusjonar, dvs. 47 reine arkivfaglege institusjonar og 88 bibliotek, museum og andre, totalt 135 institusjonar. Statistikkskjemaet er todelt, eit forenkla skjema sendast bibliotek, museum og andre arkivbevarande institusjonar og eit omfattande skjema som sendast dei arkivfaglege institusjonane.
Det omfattande skjemaet inneheld spørsmål om arkivbestand, arkivbruk, -besøk og -formidling, arbeidsområde og administrasjon, samt økonomi, medan det forenkla skjemaet berre inneheld spørsmål om arkivbestand.
Arkivinstitusjonane oppbevarer i 2009 nær 400 000 hyllemeter med arkivmateriale. Om lag halvparten av dette arkivmaterialet er arkiv frå statlege verksemder som ligg forvart hos Arkivverket. I 2009 fekk arkivinstitusjonane samla sett avlevert 19 286 hyllemeter arkiv for bevaring. Av dette er 14 858 hyllemeter offentlege arkiv og 4 428 hyllemeter arkiv frå privat verksemd.
Totalt er det registrert om lag 660 000 teikningar, litt over halvparten av desse finn ein i byarkiva. Av dei nær 9 millionar fotografia er 31 prosent å finne i byarkiva. Fylkesarkiva forvaltar respektive 10 og 4 prosent av dette arkivmaterialet.
Det blei registrert nær 98 000 besøk og 105 000 førespurnader om innsyn og bruk i 2009. Arkivverket , kommunale arkiv og andre arkivinstitusjonar hadde samla sett 32 567 585 besøk på institusjonane sine nettsider. Total blei det utført over 600 årsverk i arkivinstitusjonane som statistikken for 2009 omfattar.
Arkivstatistikken for 2008 var den første landsdekkende statistikken og omfattet i alt 138 institusjoner som bevarer arkiv. Disse er både rene arkivfaglige institusjoner, museer og andre.
Statistikken for 2007 var en pilot det ble rapportert data fra 44 arkivinstitusjoner. Den omfattet de største og viktigste arkivinstitusjonene i Norge.
Statistikkene for 2007, 2008 og 2009 foreligger i papirformat sammen med statistikkene for bibliotek og museum.
ABM-skrift #67: Statistikk for arkiv, bibliotek og museum 2009
ABM-skrift #57: Statistikk for arkiv, bibliotek og museum 2008
ABM-skrift #49: Statistikk for arkiv, bibliotek og museum 2007