27.06.2011 Sluttrapport frå prosjektet Privatarkiv i musea
Åtte fylke har fått støtte til prosjektet Privatarkiv i musea. Sluttrapportane er publiserte no.
Arkivkartlegginga i 2005 viste at norske museum oppbevarer meir enn 30 000 hyllemeter privatarkiv og at størsteparten av dette materialet er uordna og utilgjengeleg for bruk. Musea manglar faglege og økonomiske ressursar til å ta seg av arkiva på ein forsvarleg måte.
Dette var bakgrunnen for at ABM-utvikling og Riksarkivet sette i gang prosjektet "Privatarkiv i museum" i 2007. I første omgang som eit pilotprosjekt.
Seks av åtte fylke har no levert sluttrapport. Dei rapporterer at dei har fått ei oversikt over tilstand og mengde i sine respektive fylke. Dei har utarbeidd planar/avtalar for kven som skal gjere kva på privatarkivområdet. Fleire fylke har oppretta faste møtefora. I Hordaland har ein til dømes oppretta eit privatarkivnettverk.
Sluttrapporten viser også at kompetansen i musea har auka. Riksarkivet har som bidrag i prosjektet halde kurs og opplæring regionalt.
Hordaland (Hordaland fylkesarkiv), Østfold (Statsarkivet i Oslo), Nordland (Arkiv i Nordland), Sør-Trøndelag (IKA Trøndelag), Finnmark (Finnmark fylkesbibliotek) og Telemark (Telemark Museum) har levert sluttrapport. I tillegg har det blitt bevilget penger til prosjekt i Møre og Romsdal (IKA Møre og Romsdal) og Troms (Statsarkivet i Tromsø), men sluttrapportar frå desse fylka var ikkje ferdige då redaksjonen blei avslutta i byrjinga av juni 2011.
Privatarkiv i musea. Sluttrapport frå prosjektet. (PDF)
For meir informasjon, kontakt avdeligsdirektør Bjørn Bering, 23117500 / bjorn.bering@kulturrad.no