09.09.2010 Riksrevisjonen med kritikk av kommunale arkiv
Riksrevisjonen kjem med kritikk av arbeidet med å sikre og tilgjengeleggjere kommunale arkiv i ny rapport.
- Dette er ein viktig rapport for arkivsektoren, ein rapport som kan leggje grunnlag for eit meir heilskapleg syn på samfunnets arkiv, seier direktør for arkivavdelinga i ABM-utvikling, Bjørn Bering. - Det er særleg gledeleg at Kulturdepartementet i svar til Riksrevisjonen, melder at dei vil framskynde arbeidet med ein plan for heile arkivfeltet. Den varsla arkivutgreiinga vert truleg erstatta med ei stortingsmelding om arkiv, men dette er i alle høve eit positivt svar på ABM-utvikling, Riksarkivet og LLPs forslag om å utforme politikk for eit samla arkivfelt, seier Bering. Departementet melder og at ABM-utvikling og Riksarkivet skal trekkast aktivt inn i arbeidet med meldinga.
Få alltid med deg siste nytt fra ABM-utvikling
Manglande sikring
Riksrevisjonens peikar på manglande sikring av arkivmaterialet i kommunal sektor. Den manglende sikringa gir, etter Riksrevisjonens vurdering, stor risiko for tap av bevaringsverdig dokumentasjon. Mange av kommunane seier at dei har manglar ved sine arkivlokalar. Heile ein tredel av kommunane seier at dei har vanskar med å ta vare på det papirbaserte arkivmaterialet.
Når det gjeld elektronisk arkivmateriale er tilstanden svært mangelfull. Mange elektroniske system er ikkje laga med tanke på sikring for framtida. Om lag 45 prosent av kommunane og fylkeskommunane seier at svakheiter ved elektronisk lagring i stor grad kan føre til arkivtap eller manglande tilgjengelegheit.
Mange av funna i rapporten byggjer på ABM-utviklings arkivkartlegging (publisert i ABM-skriftet "Til kildene"), og på dei årlege arkivstatistikkane som ABM-utvikling samlar inn. Riksrevisjonen peikar på manglande oppfølgjing av arkivkartlegginga, og Kulturdepartementet melder at både arkivkartlegging og -statistikk vil bli viktige kjelder i arbeidet med den komande arkivmeldinga.
Utilgjengelege arkiv
Mykje av arkivmaterialet er utilgjengeleg for brukarane. Årsakane er manglande systematisering av dokumentasjon av arkivmateriale og manglande publikumstenester i arkiva.
Det er eit stort etterslep i ordning og katalogisering av arkiva. 40 prosent av kommunane har i liten grad ordna eller katalogisert eldre bevaringsverdig arkivmateriale.
Det er og vanskeleg for publikum å få tilgang til arkiva. Nær to tredeler av kommunane har i liten grad ordningar for publium. Tilgang til digitalisert eller digitalt skapt arkivmateriale er også dårleg. Sjølv om digital formidling er ei sentral målsetjing, har berre 15 prosent av kommunane digitalisert papirbasert arkivmateriale. Også det elektronisk skapte arkivmateriale er i liten grad tilgjengeleg.
Vegen vidare
- Kommunale arkiv er sentrale både som historiske kjelder, som dokumentasjon av interessene til einkildpersonar og som grunnlag for innsyn i verksemda i kommuane, seier Bering. - Sikring og tilgjengeleggjering av desse arkiva er derfor fundamentale utfordringar. Funna i Riksrevisjonens rapport gir viktige føringar for utviklingsarbeidet vårt. Han ser ei rekkje utviklingsbehov der ABM-utvikling vil ha store oppgåver i framtida. ABM-utvikling vil no, i samarbeid med Kulturdepartementet, avklare konsekvensane for våre satsingar av Riksrevisjonens rapport, seier han.