06.02.2009 525 000 kr til samisk kulturarv
På den samiske nasjonaldagen offentleggjer ABM-utvikling støtte til fem prosjekt med samtidsperspektiv på den samiske kulturarven.
Prosjekta, knytt til ulike museum, handlar om oppstart av eit samisk museumsnettverk og formidlingsprosjekt om samisk kultur- og identitetsuttrykk.
- Vi vonar støtta vil styrke banda både mellom dei samiske institusjonane og til kontakten med andre miljø som arbeider med tema om mangfald og minoritetar, seier direktør Leikny Haga Indergaard i ABM-utvikling.
Desse får tilskot:
- Árran – lulesamisk senter, Arbeidsseminar i forbindelse med ny utstilling, kr 90 000
- RiddiDuottarMuseat, Mangfold og kultur i Sapmi, kr 200 000
- Stiftelsen Saemien Sijte, Samisk ungdom, kr 85 000
- RiddiDuottarMuseat, Samlingsforvaltning med fokus på samlingsplan, kr 100 000
- Primus på samisk, kr 50 000